lørdag 22. oktober 2011

Tankar om filmen: American History X

Tankar om filmen: American History X

Eg hadde aldri høyrt om filmen American History X, eg hadde ingen forventinga til kva eg skulle få sjå før filmen blei sett på i klasserommet. Lite visste eg at den dagen skulle eg få større syn på begrepet mennesket. Eg gjekk heim den dagen, stum og sjokka over det eg hadde sett, og begynte å tenkje.




American History X er ein svært dramatisk film som tar opp temaer som rasisme, familiebånd, påvirkningskraft og korleis ein sjølv skapar sin eigen skjebne. McKenna og Kaye har klart å gi eit ganske godt innblikk i dramaet rundt Nazimiljøet i Miami. Dei har med hensikt å vise årsakene til denne type åtferd. Det er ikkje berre i det Amerikanske samfunnet vi ser at rasisme er eit problem, det er ikkje berre menneska i Amerika som opplever sorg, ensomhet,tomhet,misunnelse og hat.  Det er eit problem i heile verda, det skjer over alt.


Gjennom heile filmen satt eg klistra og tankane strøyma gjennom hovudet. Verda er sjuk, brutal, gal og urettferdig. Det var tankane som florerte. Eg blei både sur, trist og forvirra på same gong. Kvifor skal det vere slik? Det er eit stort spørsmål, og det tar lang tid å komme fram til riktig type svar, ein må gå inn på kvart individuelt menneske. Eg har mine tankar om kvifor eit menneske som Derek, ein normal gutunge som plutselig brutalt mistar faren sin, går over til å bli noko som ein vil definere som eit monster i dagens samfunn.
Det er dessverre ofte slik at menneskjer opplever veldig, veldig forferdelige vonde ting. Her er Derek eit eksempel, han opplevde at faren blei drepen av afroamerikanarar. Derek blir fort omgjort til eit anna menneske. Det er fort gjort at ein kan miste seg sjølv, ein blir svak og mister retninga.  Tankane blir negative og destruktive. Ein går rundt seg sjølv og ser ingen veg, kommer seg ikkje ut av den vonde sirkelen. Her kjem usikkerheita inn. Ein kan gjere forferdelige, uforståelige, utenkelige ting som andre ikkje skjønner er mogleg at eit menneske kan gjere. Folk flest tenkjer fyrst ‘’ det der er ikkje menneskelig’’. Men før ein trekkjer den beslutninga må ein gå nærmare inn på bakgrunnen for hendelsen.
Det er menneskelig. Har du opplevd eit mareritt? Ein veit aldri korleis ein reagerer når ein opplever noko vondt som ein aldri hadde trudd kunne skjedd- eit mareritt du ikkje veit korleis du skal komme deg ut av. Alle menneskjer opplever vonde, harde, situasjonar i livet som kan totalt øydeleggje dei som eit vel fungerande menneske. Vi menneske har ulike måtar å reagere på det vi får slengt opp i trynet vårt. Nokon klarer å finne ein veg gjennom det vonde, nokon blir dratt endå lenger ned i grøfta. Eit menneske som Derek med så mykje hat som denne filmen viser, er eit menneske med mykje vondt i seg. Derek er eit eksempel på eit menneske som ikkje har klart å redde seg sjølv ut frå det vonde. Eit monster er i ferd med å ta sin plass.


Det er viktig at vi i samfunnet oppdagar disse menneska, og gir dei den hjelpa dei trenger. Vi må ikkje oversjå det. Vi må opne auga våre og handle. Det er alltid ein grunn for at ting blir sånn som dei blir, og det fins moglegheiter for forandring. Alle menneskjer, uansett bakgrunn, uansett kva dei har gjort, kan forandre seg. Det er viktig at alle får ein ny sjanse. Tilgiving er viktig i livet. Skal vi kunne gå vidare frå det vonde, skumle, forferdelige, så må tilgiving til. Det høyrast kanskje absurd ut for mange, men det er sant.  Vi er menneskjer alle saman. Det er viktig at vi støttar og hjelper kvarandre. Vi må bry oss, vise kjærligheit og vise samhald. Viktig at vi aksepterer kvarandre og lærer oss å respektere folk som ser annleis ut enn oss sjølv.

                                   
                                 

Denne filmen leikar med tankane våre. Den får oss til å sympatisere med menneskjer med sjuke meiningar. Grunnlaget for det er fordi filmen forklarer korleis eit menneske kan bli til det vi kallar eit “monster” og kva konsekvensane kan bli ut av det. Heile filmen er skrudd saman på ein måte som gjer det heile fascinerande å sjå på og korleis filmen plutselig snur og den forandringa mellom fortid og notid gjer at ein blir dratt inn i filmen. Tony Kaye briljerer på regi med denne sterke filmen. Fotoarbeidet og klippinga er også veldig flott til tider som saman med musikken blir svært effektfylt. Svart/kvitt effekten får fram det kalde i filmen. Filmen vekker sympatiske følelser, og det er ein god historie fortalt på ein glimrande måte. Denne filmen vil eg absolutt anbefale, det gir ein stor forståelse på ting. Ein tankevekkjar, og den er også eit bilete på kor mykje vondt hat medfører med seg.


                             

Så eg antar vel at det er her eg skal komme med det eg har lært frå filmen, min konklusjon, ikkje sant?  Vel, min konklusjon er det same som Danny Vinyard avslutta filmen med:’’ Hate is baggage. Life's too short to be pissed off all the time. It's just not worth it. Derek says it's always good to end a paper with a quote. He says someone else has already said it best. So if you can't top it, steal from them and go out strong. So I picked a guy I thought you'd like. 'We are not enemies, but friends. We must not be enemies. Though passion may have strained, it must not break our bonds of affection. The mystic chords of memory will swell when again touched, as surely they will be, by the better angels of our nature.'  Abraham Lincoln.



-Marte Eline Loe Reed. VG2


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar