lørdag 29. oktober 2011

American History X

                                                   

Mine første tankar etter filmen var kor relevant temaet er i dag også. Spesielt etter Utøya – episoden. Filmen er basert på verklegheita og får fram mange tankar rundt dette temaet. Den handler først og fremst om nazister, men også generelt om ulike menneskegruppe som er i konflikt. Filmen er veldig relevant fordi den har noko å gjøre med alle saman, ikkje bare det amerikanske samfunnet. Ueinigheiter og ulike menneskegruppe fins overalt, og det hanskes med dagleg.

Handlinga foregjekk i mange miljø, spesielt i nazistmiljøet, men også skulemiljøet, dei mørkhudes miljø og fengselsmiljøet. Miljøa blei framstilt veldig troverdige og ekte. Det blei ikkje lagt skjul på noko, og heller ikkje påsmurt. Historia er veldig truverdig. Denne handlinga kan ha funne sted på ekte.

Eg trur at Derek var veldig påverka av faren. Han såg opp til faren, og hørte med nysgjerrigheit og interesse etter på hans synspunkt. Om faren ikkje hadde uttrykt meingane sine så brutalt og direkte kunne denne historia ha vært annleis. Det kommer klart fram i filmen at Derek er Danny sitt store forbilde. Så om ikkje han hadde vært nynazist og hatt dei meingane han hadde, ville nok ikkje Danny ha hatt dei heller. Når Derek var i fengsel oppsøkte Danny trøbbel, nærmast for å vise at han gjekk i broren sine fotspor. Etter han møtte dei mørkhuda på toalettet oppsøkte han dei etterpå på fotballbanen. Om han ikkje hadde gjort dette, trur eg livet hans kunne vært spart.

Filmen ender jo med at Danny blir skutt av nokre mørdhuda på skuletoalettet. Eg trur at etter dette innser Derek at han må få resten av familien i sikkerhet før det er for seint. Eg trur ikkje han bygger opp noko nytt hat mot mørkhuda, men at han innser at det er familien som betyr noko.

American history x er ein sterk følelsesmessig film. Den tar opp viktige temaer som rasisme, familiebånd og kordan ein sjølv skaper si eiga framtid. Det kommer klart fram i denne filmen at hat ikkje fører noko godt med seg. Hat løser ingen ting. Forfattaren vil også ha fram at alle mennesker er like mykje verdt, og at å hate går mest utover ein sjølv, enn nokon andre. Eg trur og at forfattaren vil vise oss at avgjerdene våre får følgjar i framtida. At alt vi gjer får konsekvensar, og påverkar menneska rundt oss.

Av: Maria Grindevoll Strønstad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar